– Ein herleg familiefilm, full av eventyr og spenning, nr. 1 på Filmtoppen, heiter det i ei pressemelding frå Herøy kino, som fortel vidare: – Vi får også besøk av redningsselskapet som vil presentere Eliasklubben for oss, www.eliasklubben.no. Redningsskøyta har lova å halde open båt frå kl. 15.00 og utover alle dager filmen Elias og Kongeskipet vert synt på Herøy kino. – Redningsskøyta vil ligge til kai på Indre Almenning i Fosnavåg. Det må takast eit lite atterhald om ho må ut på oppdrag, men dette vil være ein fin familie-aktivitet, heiter det i pressemeldinga, som legg til: – Først besøk på redningsskøyta og så film på Herøy Kulturhus. Vi starter billettsalget ein time før framsyninga. Du kan lese meir om Elias og kongeskipet på www.filmweb.no – Vel møtt på Herøy Kino!