Kjartan Kristansen var den utløysande faktoren for at CD-en Heidersmenn blei innspelt. – Eg var veldig lett å be då Kjartan ringde og ville lage CD med mine songar. Det var berre veldig kult, seier Stein Torleif Bjella. Saman med Tor-Egil Kreken på bass serverer dei to gitaristane visepsykiatri av beste merke. – Eg kallar gjerne sjangeren for ”mann med gitar”, for det er jo det det er, seier Bjella smilande. Stein Torleif Bjella bur i Øvre Ål der han jobbar som journalist i Hallingdølen, driv eit lite småbruk med shetlandsponniar og skriv songar som er små forteljingar om vanlege folk. – Det var ein som kalla meg ”Den tause manns talsmann”, og det syntest eg var veldig flott, seier Bjella. Nokre platemeldarar frå hovudstaden skriv at det på Heidersmenn er bygdeoriginalen sjølv som syng. Bjella har ikkje noko imot det. – Eg veit ikkje om eg er ein bygdeoriginal, men eg ser det meir som ei heidersnemning. Eigentleg er eg vel ein streiting med banklån som dei fleste andre. Det er ikkje så lett å vere fargerik i kvardagen, meiner Bjella. No gler han seg veldig til å kome til Festspela, og vurderer å kome ein dag tidlegare for å få med seg Bø og Bæ i festspelhumør. – Eg er kanskje landets største Bø og Bæ-fan, seier Bjella. – Ragnar Hovland sine omsetjingar er geniale. Eg har lese bøkene fillete for jentene mine, og eg har lese dei høgt for vaksne på fest. Det fungerer veldig bra, slår han fast. Sjølv må han trappe litt ned på den daglege skrivinga i Hallingdølen for å vere artist. – Det er ein ønskesituasjon for meg å få spele meir ute for folk, seier Stein Torleif Bjella. På Festspela kan du få oppleve at dette er ein ønskesituasjon for publikum óg.
Kultur →
Visepsykiatri med Stein Torleif Bjella
Solodebuten til Stein Torleif Bjella er noko av det ypparste innan norskspråkleg musikk som har blitt gitt ut på lenge. Fredag 26. juni kjem Bjella saman med DumDum Boys-gitarist Kjartan Kristiansen til Aasen-tunet for å halde festspelkonsert.