Det er andre året på rad at IL Hødd arrangerer storstilt julefeiring for dei minste i Ulsmohallen. Mediesjef og marknadskonsulent Lars-Petter Rønnestad fortel til Vikebladet Vestposten at årets fest er større og meir spektakulær enn fjorårets fest.

Tare, nissen og Heltne

Og grunnlaget for Rønnestad sin kommentar, er nok den berømte kongepokalen som IL Hødd sikra seg i kampen mot Tromsø på Ullevaal stadion 25. november.

Borna i dei ni inviterte barnehagane fekk nemleg la seg fotografere med kongepokalen i hendene, saman med Hødd sin A-lagspelar Eirik Heltne som kom på besøk.

Og det var sjølvsagt stor stas.

Rønnestad var sjølv konferansier og lada stemninga blant dei minste frå mikrofonen. I tillegg til Heltne, fekk borna helse på Sparebanken Møre-maskoten Tare og Høddvollnissen, som enkelte av borna fekk møte i fjor. Borna fekk sjølv oppgåva med å rope inn gjestene. Og at dei kan å gje lyd frå seg, det rår det ikkje tvil om.

Pølser og juletre

I tradisjonen tru serverte IL Hødd pølser i brød og juice til born og vaksne. Etter ein halvtimes kosestund på kunstgrasbana, var det tid for å gå rundt det pynta juletreet som stod plassert midt inne på bana.

Borna fekk danne tre ringar rundt treet, medan Rønnestad spelte av julesongar dei fekk syngje til. Det var ein koseleg og høgst vellukka fest i Ulsmohallen denne kalde fredagen.

Det var 260 born og 80 vaksne med på julefesten.

Om lag 260 barnehageborn og 80 vaksne var til stades under Hødd sin julefest i Ulsmohallen. Foto: Joar Drønnesund
Mediesjef og marknadskonsulent Lars-Petter Rønnestad gjorde ein glimrande jobb med å vere konferansier for borna. Foto: Joar Drønnesund
Både Tare frå Sparebanken Møre, Høddvoll-nissen og Hødds A-lagspelar Eirik Heltne stod på gjestelista under julefesten i Ulsmohallen. Foto: Joar Drønnesund