• Nyhende
  • Sport
  • Kultur
  • Meiningar
  • eAvis
  • Søre-TV

Velg mørkt eller lyst utseende på avisen:

Gårsdagen →

Speidarleir

foto
Dette fotoet har vi fått tilsendt frå Arnljot Grimstad. Han opplyser at det er er teke ved skulen i Barstadvika ein dag under krigen, kanskje 1942. Mannen til venstre framme var leirsjef, og Arnljot trur at han heitte han Åmbø. Arnljot Grimstad kjenner att dei fleste på bildet, og har nummerert dei. Der han ikkje veit kven det er, har han sett ein X. Dersom fotoet er tydeleg på trykk, kan kanskje lesarane kome med fleire namn. 3. Einar Holm, X. Sæter?, 4.Bård Bigset, 7. Hermann Bakke, 13. Endre Skeide, 17. Riise?, 8. Einar Follestad, 20. Arnljot Grimstad, 21. Jarle Klungsøyr, 22. Per Moldskred. 23.Inge Grimstad. 32. Olav J.Holstad, 33. Knut K. Flø, 36. Kjell Frøysa, 37. Karl Røyset, 38. Otto Hernes, 39. Abjørn Flø. Arnljot fortel at det var første gong han var på leir, og etter det han minnest var det fint sommarver. Endre Skeide var ein av leiarane, og unge Arnljot beit seg merke i ei setning frå Endre Skeide: «Eg treng ikkje vekkarklokke, eg berre bestemmer meg for kva tid eg skal stå opp». ANNE GRY EILERTSEN Foto: Arnljot Grimstad/Gårsdagen
foto
Anne Gry Eilertsen
Oppdatert: søndag 8. januar 2023 kl. 21:15
Publisert: søndag 8. januar 2023 kl. 21:15 Oppdatert: søndag 8. januar 2023 kl. 21:15
Del denne artikkelen på Facebook Del denne artikkelen på Twitter Del denne artikkelen på e-post
Utforsk tema:
  • Gårsdagen
  • Lokalhistorie
  • Gårsdagen
Redaktør og Dagleg Leier
Linda Eikrem
Kundesenter
70 01 85 00
abonnement@vikebladet.no
annonse@vikebladet.no
Tipstelefon
70 01 85 00
SMS/MMS
480 66 495
E-post
redaksjon@vikebladet.no

Vikebladet Vestposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Se også Redaktøransvar. Vikebladet Vestposten har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til. Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet 2023 © Vikebladet Vestposten.

Dersom nokon føler seg råka av urettmessig omtale, vert dei oppfordra om å ta kontakt med redaksjonen i Vikebladet Vestposten. Det er også høve til å reise klage for brot på god presseskikk til Pressens Faglige Utvalg, pb. 624 Sentrum, 0106 Oslo. Vikebladet Vestposten har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider det vert lenka til.

Informasjon om bruk av «cookies» og personvernpolicy.