NRK-journalisten Ingolf Håkon Teigene voks opp på nabogarden til Johan H. Grimstad, og mor til Teigene (Åsbjørg f. Grimstad) er søskenbarnet til Johan H. Folket i Sørngarden og Klokkargarden har klivra gardane i generasjonar, og Ingolf Håkon har kjent Johan H. sidan han var ein neve stor. Johan H. lærte meg å spele orgel i 12-årsalderen, og bror hans Erling var songpedagogen min ein periode, fortel Teigene. 15 år gammal begynte han å synge i Losjekoret som vart dirigert av Johan H, og i 17-årsalderen fekk han også vere med i Sunnmøre Mannskor, som Johan H. også dirigerte. Og sjølv om eg heitte Teigene fekk eg etter kvart også lov til å synge i Grimstadkoret. Eg syntest det var ein del fordelar med å ikkje heite Grimstad til etternamnet, men i forhold til å få synge i Grimstadkoret var det ein stor ulempe. Eg syntest jamaldringen Arild Grimstad var svineheldig då han fekk ta plass i rekkjene til Grimstadkoret, minnest Teigene. Som vi forstår, Ingolf Håkon Teigene har nær kunnskap om mannen han søndag morgon i nesten ein time skal portrettere i "Sangtimen". Teigene seier til Vikebladet Vestposten at han kjem til å leggje vekt på komponisten, dirigenten, solisten og arrangøren. Men i tillegg vil han sveipe innom målmannen, avhaldsmannen og pasifisten Johan H. Grimstad. Han fekk heile Grimstadgrenda til å bli militærnektarar, hevdar Teigene. "Sangtimen" blir sendt mellom klokka 08.00 til 09.00 søndag morgon. Teigene opplyser at songane som blir spelte er plukka ut i samarbeid med Oddbjørn Grimstad. Grimstadkoret skal i elden fleire gongar, og der blir også nokre innslag med Vox Virorum. Teigene røper også at Herborg Kråkevik skal synge "Til ungdommen" av Nordahl Grieg som ein hyllest til fredselskaren Johan H. Grimstad. Teigene kallar røysta til Johan H. Grimstad for fabelaktig. Siste gong eg høyrde han synge solo var han over 70 år gammal, og røysta var framleis praktfull, slår han fast.

Ein meister i å spreie korklangen

Korelskaren Ingolf Håkon Teigene meiner det i første rekkje er to ting som hevar komponisten Johan H. opp i eliteklassen: Mange komponistar klumpar røystene saman i midten. Kjennemerket til Johan H. er at han går andre vegen. Han dyrkar dei djupe bassane på den eine sida og får dei lyse tenorane til å leike på andre flanken. Dette skaper ei spreiing i korklangen, forklarer han. Teigene trur at denne klangen hadde sitt utspring i dei djupe basstemmene som budde i Sørngarden, og dei fine tenorane frå Ivergarden. Johan H. hadde evna til å reindyrke denne klangen. Det andre særmerket til komponisten Johan H. er at mange av komposisjonane hans er enkle, men likevel monumentale. Eit godt døme på det enkle og monumentale meiner han er salmen "Lova Herren mi sjel", som sjølvsagt blir å høyre i "Sangtimen. Det er ikkje tvil om at han har skrive seg inn i norsk korkomposisjonshistorie, kommenterer Teigene, som meiner Grimstad også var ein inspirerande dirigent. Sjølv om Johan H. var sterkt oppteken av den kristne og nasjonale songtradisjonen, peikar Teigene på at han hadde eit ope sinn for andre songtradisjonar også. Blant anna svenske folkesongar og den litt mollstemte finske og russiske songtradisjonen. Han likte også irske, skotske og amerikanske folkesongar.

Ein historieforteljar av guds nåde

Men der stoppa det. Grimstadkoret fekk tak i nokre arrangement av George Gershwin, men det likte han ikkje. Ingolf Håkon Teigene håper det søndag kjem fram at Johan H. Grimstad også var vittig, morosam, frekk - og ein historieforteljar av guds nåde. Nils Abrahamsen er programleiar for "Sangtimen". Han fortel at utanom Teigene blir der også eit innslag med Leif Vatle som gjekk på lærarskule i Volda saman med Johan H. Vatle skal fortelje om eit artig minne frå ein gong han var med Johan H. heim til Hareid. Programleiar Abrahamsen meiner det skal bli ein god songtime søndag. Men menneske som ikkje likar korsong får ikkje lov til å skru på radioen. Dei kan heller sove, legg han til.

Hareidingen Ingolf Håkon Teigene portretterer Johan H. Grimstad i "Sangtimen" søndag morgon. (Foto: Anne Liv Ekroll, NRK).