Jentene i Mystified vil spele på utestaden Café Mir i Oslo fredag 16. februar. Der skal dei varme opp for Antropofagos. Mirjam Knutsen fortel at Mystified møtte den multikulturelle gruppa på John Dee i oktober i fjor då dei deltok på The Global Battle of Bands. Og no har Antropofagos teke kontakt med Mystified for å få dei til å varme opp for seg. Korleis vil du skildre musikken til Antropofagos? Det er ei fleirkulturell gruppe med medlemer frå tre ulike land. Musikken er ganske spesiell, men eg liker han veldig godt, svarer Mystified-bassisten. Mirjam forklarer at musikken til Antropofagos er prega av landa dei ulike i gruppa kjem i frå, og såleis blir ei slags blanding av mykje ulikt. No som Malin er på folkehøgskule, korleis får de øvd fram til konserten? Me kjem til å øve kvar for oss. Truleg vil me reise nedover ein dag tidlegare så me kan øve i lag, men dette er ikkje sikkert, seier Mirjam. Mystified satsar på materiale dei kan godt frå før, så dette skal gå bra. Vikebladet Vestposten ønskjer Mystified lukke til i Oslo!