Totalt vil det vere omlag 100 personar i alderen 10 -18 år i aksjon på scena til konserten med "Funky Butt" på søndag.

Tre skulekorps

Øvingshelga og konserten er eit samarbeidsprosjekt mellom Ulsteinvik skulekorps, Haddal skulekorps og Hasund og Dimnøy skulekorps. Korpsa har det siste året inngått eit lite samarbeid, der dei har arrangert ein felles konsert og ein tur til Finland. Då vi kom att frå Finland i fjor, begynte ungane å spør kva vi skulle finne på neste gong, kan Julianne Hauge Mork i Ulstein skulekorps fortelje. Og sidan vi i fjor arrangerte rockekonsert, ville vi prøve oss på noko anna dette året. Difor fall valet på jazz. "Funky Butt" har vi sett fleire gongar tidligare, på festivalar og liknande, og vi veit dei har eit veldig bra opplegg for slike konsertar, fortel ho vidare.

På gehør

Dei tre korpsa har ikkje spelt ilag sidan forrige storkonsert i fjor. Korpsmedlemmane berre har halvannan dag på å bli samspelte til konserten, og dei får heller ikkje lov å nytte notar, fortel Mork. Ho legg til at det kjem til å gå heilt fint. Det er mykje lettare for ein 10-åring å skulle spele utan notar, enn det er for ein vaksen person, seier ho med eit smil. Ungdommane er nemleg meir kreative og mindre knytt til notane i utgangspunktet. Sjølve konserten varar omlag ein time og ti minutt, og "Funky Butt" vil ha ein eigen del av programmet. Mork rosar opplegget til "Funky Butt". Dei spelar moderne jazz, og dei er veldig flinke med ungdommar.

Spesiell oppleving

Mork lovar mykje lyd og ei spesiell oppleving både til publikum og deltakarar. Publikum kan forvente ein konsert med "trøkk", god jazz og mykje speleglede, garanterer ho, og tilføyer at å ha 100 ungdommar på scena samstundes er stort. Ho trur desse storkonsertane kan bidra til å rekruttere til korpsa. Ein slik konsert gir dei eldste musikantane nye utfordringar, som gjer at dei ynskjer å halde fram i korpset. I tillegg kan det fungere som ei "gulrot" for yngre sysken som kanskje trur at korpsmusikk er gørr kjedelig og noko ein berre gjer til dømes 17.mai, trur ho.