Kong Arthur er kanskje mest kjend gjennom Monty Python-filmane og i filmen "King Arthur". Men der finst òg ei lokal historie om Kong Arthur. Riddarane av det runde bord var i følgje legendene på Sandsøya (Dollsøy) for å leite etter "Ringskatten" og den heilage Gral. Skatten skal, i følgje forskarar, vere gøymd i Dollsteinhola av Olav Ring (far til Arthur). Folketru og segn fortel av skatten i hola blir vakta av jøtulen Bruse. I oldtidssagaer står det mellom anna skrive at Kong Arthur rådde over store landområde. Eit av desse områda vart kalla Havlandet. Nokre hevdar Havlandet er det som blir kalla Møre i dag. Vil du høyre meir av historia, får du ta turen til Sandsøya og sjå Kong Arthur-spelet. Kong Arthur blir spela av Wilhelm Støylen. Med seg i teatertroppen har han Arild Sande, Bjørnar Rovde, Marlen Hauge, Eilen Kvamme, Andreas Sætre, Odd Kåre Wiik og Jannfrid G. Ristesund. Manus er skrive av Odd Kåre Wiik, Astrid Saure, Oddbjørn Haugen (regissør), Brit Gurskevik Sande og Arild Sande. Gjengen bak spelet oppmodar folk til å setje av heile helga til ei triveleg helg på Sandsøya.

Odd Kåre Wiik som Skakk.