– Frank Willy er ein livlig og humørfylt kar frå Sykkylven, og er rekna for å vere ein av dei argaste karane på sitt felt. Den lokale musikaren har brei erfaring, og har turnert med ei rekke orkester, mellom anna Woodleg Odd Band, som har fleire plateutgjevingar bak seg, opplyser Vassendgutane til Møre-Nytt.

Hans første spelejobb med bandet vert 27. februar, medan den nye plata deira kjem ut 10. mars.