Både Hareid skulekorps, Bigset skulekorps, Hjørungavåg skulekorps, Hjørungavåg Brass og Musikklaget Melshorn skal komande laurdag spele i gatene i Hareid sentrum. På biletet er det berre nokre av representantane som er med, men når alle stiller opp laurdag føremiddag, blir det tidenes “17. mai-tog” i Hareid. Foto: Anne Gry Eilertsen

Monja Arnesen, leiar i butikkgruppa til Hareid Næringsforum, fortel at dei gjerne vil skape liv og røre i Hareid sentrum. Derfor har dei klart å tromme saman alle korps i kommunen. Inkludert Musikklaget Melshorn og Hjørungavåg Brass ligg det an til å bli tidenes lengste “17. mai-tog” i Hareid sentrum.

Korpsa skal både marsjere rundt om i gatene, og halde konsert i Opplevingsparken.

Korpsa har tidlegare halde ein felles vårkonsert, og dei har derfor ein del fellesnummer inne.

– Vi er svært glade for at alle korpsa har sagt ja til å vere med, kommenterer Arnesen. Hareid skulekorps skal selje kaffi, kaker og litt anna småsnadder i Opplevingsparken, og dersom vêret blir bra ligg det an til nokre trivelege timar med folkestimling komande laurdag.