Hareid vil gjerne leve opp til ryktet som «Korsongens vogge». Heile 10 innabygds kor stiller opp og syng jula inn i Hareidskyrkja søndag.

Når det er sagt, må det også nemnast at Ulstein stiller sterkt på dirigentsida: 6 av dirigentane på dei to konsertane er nemleg ulsteiningar.

Dei to konsertane omfattar – som dei siste åra – både dei eldste og dei yngste songarane og musikantane.I den første konserten får vi høyre Hareid skulekorps, Ytre Strok, Hareid Mini- og Barnekantori, Vox Virorum, Hareid blandakor, CorSonus, Bigset Blandakor og Hjørungavåg Brass.

På konsert nummer 2 stiller Hjørungavåg skulekorps, Hjørungavåg Aspirantkorps, Grimstadkoret, Hareid Ten Sing, Bigset skulekorps, Gollj & Gråstein, Brandalskoret, Musikklaget Melshorn og Hareid kammerkor.

På denne konserten blir det også eit fellesnummer med Brandalskoret og Hareid kammerkor (Glade jul).