- Eg gler meg til å kome til Flø. Eg har sett bilete av landskapet, og det ser vakkert og vilt ut. Det minner meg faktisk litt om Skottland, fortel Susie Hamilton på telefon frå London. Susie Hamilton (58) er ein erfaren kunstnar som bur og arbeider i London. Ho er utdanna ved St. Martin's School of Art. Dessutan har ho ei doktorgrad i engelsk litteratur frå Birkbeck College i London. Ho har stilt ut bileta sine i fleire kjende galleri, deriblant i London og Moskva. Hamilton har vore i Norge ein gong tidlegare. - For to år sidan stilte eg ut bileta mine på Galleri Trafo i Asker, og der vart dei veldig godt mottekne, fortel ho.

Black Sun

Utstillinga som skal vere på Flø, 14. juni - 16. august, har fått namnet "Black Sun". Hamilton er kjend for sine mystiske figurar i diverse ugjestmilde landskap. Dette kan anten vere arktiske område eller tropiske skogar, men også badestrender og luksusrestaurantar. Felles for desse landskapa er opplevinga av at noko er faretruande. Figurane rører seg på grensa av oppløysing når dei vert stilt overfor mektig natur eller forsvinn i folkemengda, skriv Galleri Trafo på sine heimesider. Måleria er ofte utført med breie, tydelege penselstrøk i klare og sterke fargar, ofte med store sveipande bevegelsar.

Kunstnar Susie Hamilton gler seg til å opne utstilling i Studio Hugo Opdal på Flø.
"Black Sun"
"Pink Beach"
"Green Beach"
"White Diner"