Enno ventar Stig Ulv på å bli oppdaga av dei store massane, men eit knippe bransjefolk her til lands veit at det berre er eit tidsspørsmål før det skjer. Ei framsyning på TV er alt som skal til. Tom Stalsberg, Dagbladets renommerte kulturmeldar, møtte Stig Ulv for kort tid sidan. Ørstingen gav meldaren eit eksemplar av plata si “Strengetonar”, og ei dryg veke seinare skreiv Stalsberg rosande ord om Ulv.

”Ukens kulturtips”

Faktisk var dette vekas kulturtips i Dagbladet. Den kjende meldaren meiner Stig Ulv er ei kryssing mellom Ry Cooder og Knut Reiersrud, men at han har ein eigen stil, sin eigen signatur, som vi vil kjenne att om vi lyttar til ørstingens låtmaterial.

– Det var fantastisk hyggjeleg å lese omtalen til Stalsberg. Etter mitt syn er dette Norges dyktigaste musikkmeldar, og då betyr det sjølvsagt mykje for meg at han samanliknar gitarstilen og uttrykket mitt med legender som Cooder og Reiersrud, seier Stig Ulv.

Nedstrippa sound

Konsertgjengarar har omfamna både artisten og musikken hans. Ocean Sound Recordings på Giske, Syd Mat og Vinhus i Molde og ulike stader i Oslo har vore arena for den ambisiøse ørstamusikaren, som komponerer og arrangerer sine eigne låtar. Fleire av låtane på plata ”Strengetonar” vart spelt inn i Volda kyrkje, ei atmosfære han likar.

– Eg trivst med å spele i kyrkjer. Der finn eg ei eiga ro, ei eiga stemning. Uttrykket mitt kan vere nokså nedstrippa, og då er det sjølvsagt ekstra fint når publikum lyttar til det eg prøver å formidle, forklarer Stig Ulv.

Satsar på musikken

Etter å ha selt ut første opplag av skiva har ørstingen fått trykt opp nye kopiar som han sel på dei ulike konsertstadene. Stig Ulv er klar for å ta resten av landet med storm.

– Eg håper at eg etter kvart kan klare å leve av musikken min. For å nå det målet må eg bli kjend også utanom heimfylket. Speletid på radio og TV er neste steg på vegen, seier 31-åringen, som har vore spelt mellom anna på Nrk P1 dei siste månadene.

Med sitt nære samarbeid i ei årrekkje med Egil Olsen og andre musikarvenner knyter Stig Ulv kontaktar i bransjen overalt der han ferdast, vel vitande om at ulike samarbeidspartnarar sjeldan kjem av seg sjølv.

Lunt og stemningsfullt

Med nynorske titlar som ”Tindar” og ”Einsam” viser Stig Ulv at han er stolt av opphavet sitt. Konsertrepertoaret byr i hovudsak på låtar frå skiva ”Strengetonar”, men strengekunstnaren har alltid ei overrasking på lur. Aller mest er han kjend for å skape ei trygg og lun stemning, med artige, små snuttar og forteljingar innimellom kvar låt.

– Eg har fått gode tilbakemeldingar på dette. Men det er ikkje så mykje av dei greiene der som er planlagt på førehand; det fungerer best når eg kan ta ting på sparket, der og då, forklarer Stig Ulv, som legg til at informasjon om ulike musikkvideoar og konsertar jamleg blir oppdatert på nettsida hans, www.stigulv.no.