Fredag 13. november held Bjørn Eidsvåg konsert i Ulstein kyrkje.

Eidsvåg er ein kjend og kjær artist som har gjeve ut plater i snart 40 år.

Denne hausten er han ute på turne. Eidsvåg er ofte på turne, og der er nok noko av nøkkelen til suksessen hans. Frå 80-talet og fram til i dag, har Eidsvåg omlag 80 konsertar kvart år i Noreg og Danmark, og har opparbeidd seg eit dedikert publikum.