Lena og Trille, under innspeling, spelt av Dagny Myrene frå Haddal og Simon Voldsund frå Eggesbønes.

– Vi treng slike forteljingar som både berører og begeistrar oss på tvers av alder, meiner Barnevakten.

– Det er fantastisk hyggjeleg for oss å få denne prisen. Det er en stadfesting på at vi har fortalt en viktig historie, og at vi lykkast med å nå ut til både barn og foreldre. Vi er opptekne av at historiene våre er ekte, relevante og identitetsskapande. Vi ønskjer å lage produksjonar som appellerer til både barn og vaksne, og opplever at prisen for «Årets beste familieprogram» bekreftar dette, responderer en takksam redaksjonssjef i NRK Super, Ingrid Hafstad.

Engasjerer ulike aldersgrupper

Dagleg leiar Øystein Samnøen i Barnevakten overrekte prisen, som for høvet innebar både innramma diplom OG vaffeljern. Han er personleg begeistra både for vaflar og tv-serien «Vaffelhjarte».

– Det er en krevjande kunst å lage tv-underhaldning som klarer å engasjere mange ulike aldersgrupper. Eg meiner at NRK Super har lykkast svært godt med det i si formidling av «Vaffelhjarte», seier Samnøen.

Produksjonen viser kor viktig NRK Super er i det norske film- og fjernsynslandskapet:

– Vi treng forteljingar som kan berøre og begeistre oss på tvers av alder. «Vaffelhjarte» formidlar varme, tryggleik, kvardagsglede og verdien av vennskap og gode relasjonar på ein nær og ekte måte, meiner Samnøen.

Felles referansar for barn og vaksne

Familieserien baserer seg på boka «Vaffelhjarte» av Maria Parr, og handlinga utspelar seg i den vesle bygda Knert-Mathilde på Sunnmøre. Trille og Lena er de einaste to barna på same alder som bor på den vesle plassen. Trille vil veldig gjerne vere bestevennen til Lena, men Lena meiner det held å vere gode naboar.

Prisen består av ein innramma grafisk produksjon og går til eit norskprodusert fjernsynsprogram som har utmerka seg med høg kvalitet på både innhald og produksjon, evne til å appellere til fleire aldersgrupper og positivt innhald.

Tidlegare vinnarar av prisen Årets familieprogram:

Norske Talenter (2010), Beat for Beat (2009), Energikampen (2008), Newton (2007), Kvitt eller dobbelt (2006), Turklar (2005), Barnas Supershow (2004), Klisterhjerne (2003), Tore på sporet (2002), Vi på Langedrag (2001).