Etter at dei 430 billettane til den ordinære framsyninga vart utselte før helga, byrja arrangørane å leike med tanken på ei ekstraframsyning. Og med over 100 nye førespurnader etter billett, har kulturleiaren sving seg rundt og fått «Herborg & Hope» til å køyre ei ekstra framsyninga på kulturhuset laurdag kveld. - Fantastisk! Tenk så kjekt at så mange har lyst til å kome for å sjå på oss. Det gjer oss audmjuke, seier Herborg Kråkevik på telefon frå Måløy, der duoen held framsyning i kveld. Til no har «Herborg & Hope» vorte oppsett 90 gongar, men duoen kjenner framleis at dei har noko å gi. - Vi er ikkje leie av showet enda. Spesielt ikkje når så mange framleis har lyst til å sjå oss, seier Herborg. Herborg Kråkevik vart fyrst kjent som komikar, mellom anna saman med Kenneth Sivertsen. Men sidan har ho utforska andre sider av artist- og skodespelarlivet. Når ho no er tilbake i komikarrolla, er det ikkje heilt tilfeldig. - Eg fekk skikkeleg lyst til å gå laus på humoren att etter å ha sett Christine Hope på scena for to år sidan. Ho var så energisk og serverte topp humor på ein seriøs måte. Eg har leita lenge etter nokon å leike meg med på scena, og slik eg ser det var Christine det perfekte valet.. Herborg Kråkevik fortel at folk ikkje må forvente seg verken raude trådar eller noko særleg djupe bodskap i framsyningane på kulturhuset laurdag. - Det er eigentleg berre tull, vas og løye vi driv med. Men vi håper at energien og gleden vår ved å gjere showet smittar over på publikum. Det er tungt å byrje på att etter ein litt for lang juleferie, men vi skal gjere så godt vi kan, ler ho. Å køyre to framsyningar på ein kveld er ikkje kvardagskost, sjølv for så populære artistar. Herborg legg heller ikkje skjul på at det kan vere tøft innimellom. - Det er verst i pausen, men når vi går på scena att kjem det meste av seg sjølv. Då er vi ferdig oppvarma, på ein måte.Vi gler oss i alle fall veldig til å kome, avsluttar ho.