Øystein Runde (28), opphavleg frå Ulsteinvik, har skapt ei ny teikneserie med tittelen "Dei fire store". Boka kjem ut på Gyldendal forlag i haust. Teikneserien er laga i samarbeid med Geir Moen. Boka hentar tittelen sin frå omgrepet som har blitt innarbeid i samband med forfattarane Ibsen, Bjørnson, Kjelland og Lie. Undertittelen på boka er "Når de døde våkner". Runde har tidlegare gitt ut fleire album om "Bjartmann", ein noko spesiell superhelt frå Ulsteinvik. Den utflytta ulsteinvikaren er også kjend for samarbeidet med Kristopher Schau om boka "Margarin", der ein kan tolke det groteske innhaldet som ei skildring av heimkommunen Ulstein, les vi på nettstaden Wikipedia. I 2006 bidrog Øystein Runde i Bellonas jubileumsantologi med "Fredric Hauges enkeltmannsfauna". "Øystein Runde viser seg igjen fram som en av Norges mest lovende serieskapere, og klarer å gi liv til den særeste logikk og de mest groteske scener.", meinte Øyvind Holen i Bergens Tidene i samband med ei tidlegare utgjeving.