HerøyLAN inviterer denne helga til dataparty.

- Vi arrangerer eit lite «koseLAN» nede på fritidsklubben på Herøy Kulturhus frå fredag til søndag, og alle er velkomne, seier Marcus Dybvik Aas, crewleiar i HerøyLAN og Olav Sølve Skarbø, nestleiar i crew, som begge har store forventningar til dette LANet.

- Vi satsar på fullt hus, og håpar at folket som kjem på sommarens LAN, storkosar seg med konkurransar og premiar, vener og ikkje minst, dataspel, seier dei.

Det er crewet i HerøyLAN som skipar til datatreffet. Då styret i HerøyLAN gav crewet utfordringa til å lage eit LAN, valgte dei å ha det i fritidsklubben.

- Med tanke på at lokalet er såpass lite i forhold til kva kinosalen oppe på kulturhuset er, så var «koseLAN» eit ideelt navn. Styret i HerøyLAN prøver til ei kvar tid og gjere mest mogleg for ungdomen i Herøy og omegn. Difor får ungdomane ein sjans til og få prøve seg nesten på eiga hand denne gongen. Om dette går etter planen så blir det to store LAN i året i kinosalen, og eit lite sommarLAN på fritidsklubben, fortel Aas og Skarbø.

Dei meiner at deltakarane på dette LAN'et har mykje å sjå fram til.

- Det vert servering av middagar og frukostar, vennlege crewmedlemmer, ei feit internettlinje som vanleg, levert av Tussa, og ein snerten, men godt betjent kiosk er noko av det som møter deltakarane, lokkar dei to som og kan opplyse om at det vi gå vaksne vakter under heile arrangementet.

Denne helga er det også Maritim Sommarfestival i Fosnavåg.

- Grunnen til at det blir LAN midt under Maritim Sommarfestval er rett og slett fordi ungdomen treng eit seriøst og rusfritt tilbod også no! Ein får aldri nok av slike tilbod, understrekar Marcus og Olav Sølve.

Dei vil på vegne av HerøyLAN rette ein stor takk til alle sponsorar som bidreg til at dette frivillige arbeidet er gjennomførbart.

- Det vi legg merke til er at ungdomen er veldig opptatt av storleiken på internett linja. Tussa stiller atter ein gong med det råaste innan fiberteknologi. Deltakarane kan forvente seg ei linje på opptil 300 megabit, kanskje meir også, så dette er vi veldig fornøgd med, seier dei to karane entusiastisk.

Dei fortel at alt ein treng å vite kan ein finne på HerøyLAN si Facebook-side eller på nettsidene deira. Der er det også ei eiga side som forelde og føresette kan lese.