Dette er ei familieframsyning av og for born. Så om du er gamal eller ung – leit fram barnet i deg og la oss vere med på å setje deg i julestemning!
Det vert mange unge aktørar i aktivitet på scena denne kvelden, travle tider til trass. Dramaelevane starta innøvinga av stykket i oktober, og det har vore mykje aktivitet og høg nissefaktor i Reitensalen.
Rollene kan ofte vere meir krevjande enn ein trur i utgangspunktet, og derfor har det vore bytte og skrive tilpassa nye roller. Det viktigaste er å hugse at dette ikkje må verte for alvorleg, men er mest leik. Det er òg viktig at aktørane trivst og føler seg trygge på scena den 17. desember, sjølv om magen er aldri så full av sommarfuglar!
Stykket er meint å ha ei historie med både alvor og humor – med mange av dei ingrediensane som høyrer jula til: tradisjonar og om tru og tvil.
Du får møte Maria som bur i lag med foreldra, broren og bestemor på garden Houg. Men med ein listig rev og ein dose julemagi kan mangt skje ein desemberkveld.
Travle tider har det også vore på kulturskulen inn i mellom all undervisning. Men no er det meste på plass og utprøvd. Orkesteret er også i full gang med innøving av musikken.
“Bestas julehjerte” kan by på både spesialkomponert musikk, julesong av Peter Demirov, samt andre låtar som er valt ut til stykket.
Jette Degn er instruktør, Linda Nygård har stått for innøving med orkesteret og Stig Lennert Håheim er musikalsk leiar for kvelden.
Dansekoreografien er ved Penny Jackson Indreflø, og det også ho som har plukka ut ballettgruppene som skal vere med i juleframsyninga. Dei er frå klassisk ballett, aldersgruppene 7 år og 9 år.
Sjå elles annonse i Vikebladet Vestposten laurdag.
Billettar er lagt ut for sal på nettsida til Sjøborg, eller du kan få kjøpt dei på Servicetorget (Ulstein rådhus).
Ulstein kulturskule