Ulsteinjenta Rak Marie Hatløy frå Eiksund var heldig å fekk plass i koret til Guri Schanke som representerer Oslo i den store songkonkurransen “Det store korslaget” på TV2. Men diverre vart opplevinga kortvarig.
Fekk færrast stemmer
For under direktesendinga sist laurdag fekk “Team Guri” færrast stemmer, og måtte difor forlate “Det store korslaget”. Under første episode som gjekk på lufta 24. november, var “Team Guri” eit av kora som fekk færrast stemmer.
Sist laurdag hadde teamleiar Guri Schanke planar om å løfte koret til eit høgare nivå med songen “I dreamed a dream” frå musikalen “Les miserables”. Men diverre falt den ikkje i smak hos sjåarane og “Team Guri” måtte difor pakke saman.
– Stor oppleving
Det har ikkje lukkast for Vikebladet Vestposten å kome i kontakt med kordeltakar Rak Marie Hatløy.
Men på nettstaden Facebook skriv hø følgjande;
– Tusen takk til alle som stemde på oss laurdag. Det har vore ei fantastisk oppleving å vere med i “Det store korslaget”. Eg har lært så utruleg masse, og eg kjenner meg takksam for å ha blitt kjent med så mange gode folk, skriv Rak Marie i ein status.
Deltek i finalen
Men eventyret er ikkje over for den talentfulle songaren frå Ulstein.
Under finalen i “Det store korslaget” får alle ustemde kor kome attende for å delta. Om dei skal syngje eller vere tilskodarar, er framleis ukjend for lokalavisa.
Etter at “Team Guri” rauk ut laurdag er det no korleiarane Lise Karlsnes, Sigvart Dagsland, Steinar Albrigtsen og Fredrik Saroea frå Datarock med sine kor som konkurrerer om sigeren i årets korslag.