– Det er viktig å gi rom til både etablerte forfattarar og debutantar. Ekstra kjekt er det å ha Kaisa Aglen på programmet til Boknatta, sidan ho er oppvaksen berre eit steinkast frå Aasen-tunet, seier programansvarleg Karine Munch.

I Dagbladet denne veka skreiv Helge Torvund om Aglen si bok Kvar i kroppen sit ingenting at «Det er eit eige poetiske univers som talar og veks medan ein blar og les. Mykje her er godt og vakkert, men her er meir enn nok av det råe og ambivalente, aningar av overmakt og avmakt, motstand og utmatting, til at det skapar spenning og energi i boka. Det er oppløftande at unge poetar kastar seg utpå på denne måten, i staden for å prøva å oppfylla nokre forventningar som svever over feltet og skriva seg opp mot desse.»

– Få, om nokon, norske forfattarar har gjort meir for å bryte ned skilja mellom høgt og lågt i kunst og litteratur, skriv nettleksikonet Allkunne om Kjartan Fløgstad. I haust er Fløgstad aktuell med ein ny, stor roman: Nordaustpassasjen. Ein mangfaldig roman om livsvegar, og storpolitikk der han i kjend litterær stil kritiserer kapitalismen og massemedia.

Marit Kaldhol har laga ei intens skildring av forholdet mellom mor og dotter i romanen Darwins sporvar. I eit rom med vindauge mot havet, ligg ei kvinne for døden. Dottera Sally vaker over henne. Medan ho ventar på at døden skal kome og hente henne, minnest Sally då mora reiste frå stad til stad med teaterframsyninga si og Sally måtte vere med. På kvar sine vis leitar mor og dotter fram fortida, og det blir tydeleg at det finst eit sår i dette forholdet.

Rønnaug Kleiva er også ute på reise i den sjølvbiografiske romanen Armenia, Albania, Argentina. Her følgjer vi Rønnaug gjennom både vanlege feriebyar og farlege utkantområde. Det handlar om å reise åleine i verda som vestleg kvinne. Med varme og humor, og i sin velkjente nøkterne stil, kombinerer Kleiva den indre eksistensielle og den ytre geografiske reisa på ein elegant måte.

Marit Kaldhol kjem.