I oktober kan du fylle rosa spylarvæske på bilen og vere med på å støtte kampen mot brystkreft.

I dag,  laurdag har Kreftforeininga stad ved Statoil på Hareid. Der vert det høve til å støtte opp om Rosa Sløyfe-aksjonen i regi av Brystkreftforeningen og Kreftforeningen.

Men på Statoil-stasjonen har dei vore i sving med aksjonen allereie sidan måndag, og vil halde det gåande heilt til 2. november.

Ved å velje visse typar bilvask og kjøpe kaffi og rosa (!) spylarvæske, kan kundane vere med på å støtte arbeidet mot brystkreft.

Rundt 3000 kvinner vert råka av brystkreft kvart år, men takka vere forsking og at kreften vert oppdaga tidleg ved hjelp av mammografiundersøkjing, overlever stadig fleire. I følgje Kreftregisteret er mest 90 prosent av dei som hadde fått påvist brystkreft for fem år sidan, framleis i live.

Fekk kreft for tre år sidan

Grete Harkjerr melde seg inn i Kreftfforeininga etter at ho sjølv fekk brystkreft for tre år sidan.

– Eg kan takke mammografi- undersøkjinga for at svulsten vart oppdaga på eit tidleg stadie. Kreften vart operert bort og eg slapp å gå på cellegift, berre stråling, seier Grete Harkjerr. Ho forstår ikkje at kvinner vel å sluntre unna mammografiundersøkjinga når dei får tilbod om dette.

– Eg vil også oppmode folk til å melde seg inn i Kreftforeininga, seier Harkjerr.

Målet med Rosa Sløye-aksjonen er, i tillegg til å samle inn pengar til forsking og opplysningsarbeid, å syne solidaritet med dei som er ramma av brystkreft. Rosa Sløyfe-aksjonen oppstod i USA på 90-talet og sidan den gong har organisasjonar og privatpersonar vigd oktober månad til aksjonen. Her i landet har Rosa Sløyfe-aksjonen eksistert sidan 1999.