Sjå video frå opninga og det musikalske innslaget på sida av saka (i botnen dersom du brukar mobilutgåva av Vikebladet.no)

Måndag opna Fantehuset kunstutstilling med den natulege tittelen Fantekunst.

- Det nye styret i Fantehuset er om lag eitt år, og vi haded lyst til å gjere noko i samband med Hareidsstemna, fortel Elias Liavåg. Han legg til at huset har vore gjennom ei skikkelig utvikling og oppussing, og at det derfor har vore eit ønskje om å få vist fram Fantehuset i sin noværande stand.

- Ja, det passa veldig fint. No er Fantehuset ope for alle, medan det vanlegvis gjerne er meir lukka lag.

Liavåg fortel at Fantehuset no har ein organisasjon som går veldig godt, og at ein ser føre seg ei lys framtid for samlingslokalet.

Ifølgje Elias Liavåg har det vore enkelt å få med seg lokale kunstnarar som Cecilie Hole, Andre Smoge, Dilani Sivalingam og Konstantin Sjursen.

Liavåg fortel at også Hanne Marthe Eliassen stiller ut på Fantehuset, men at dette ikkje har vore annonsert på førehand.

- Andre Smoge ser ein spor etter også bak DJ-pulten. Han har vel grodd litt fast her i huset, fortel Liavåg.

Under opninga spelte Ingrid Smoge to melodiar.

Sjå video frå opninga og det musikalske innslaget på sida av saka (i botnen dersom du brukar mobilutgåva av Vikebladet.no)