Fem gutungar og ei lita prinsesse: Året er truleg 1958, og denne sjarmerande gjengen er samla i Pe-garden på Overå, som Asgerd (f. Spjutøy) og Oddmar Overå dreiv på den tida. Truleg var gutane samla til selskap, for alle er pene i tøyet, og to av dei har til og med slips på seg. Vi ser frå venstre Idar Overå, Sigurd Overå (heimehøyrande på garden), Bjørn Overå, Håkon Kjøde, Per Overå (heimehøyrande på garden). Den vaksne kvinna er Asgerd Overå, mor til Sigurd og Per. Den vesle prinsessa ho held i handa, er Kari Brandal, som i dag også har etternamnet Vattøy. Asgerd var «gamletante» til Kari Brandal Vattøy, og på kleda å dømme var ho truleg i bursdagsselskap, ho også. Asgerd var frå Solaberget i Ulsteinvik, men budde mesteparten av livet på Overå. Ho var ein meister med handarbeid, og har blant mykje anna brodert over 150 sunnmørsbunader og like mange skjorter. Og det gode handlaget har truleg gått i arv, for også Kari er dyktig med tråd og pinnar – og ikkje minst med saks. Jenta med den yndige kjolen vart i fjor pensjonist, etter over 40 år som frisør på Hareid. ANNE GRY EILERTSEN