Riksteatret og Teatret Vårt sitt samarbeid om Tolvskillingsoperaen ser ut til å ha blitt ei populær framsyning. Oppsetjinga har fått gode kritikkar, og framsyninga i Ørsta er så godt som utseld. Har du tekst deg avgarde, men ikkje skaffa deg billettar på eiga hand, bør du kontakta kulturkonsulent Kristine Brungot. Kulturkontoret i Ulstein har reservert 35 plassar til teaterbussen. Då teatermusikalen ikkje la turneen sin innom Ulsteinvik, grunna manglande passande scene, valde kulturkontoret å setje opp teaterbussar til Ørsta kulturhus. Det er ikkje første gongen dei tilbyr teaterbuss til Ørsta. Det gjorde dei òg til suksessforestillingar som Undset, Byggmester Solness og Arsenikk og gamle kniplingar. Folk har vore interesserte før. Me håpar dei framleis er det, seier kulturkonsulent Brungot. Siste frist for å melde seg på turen er måndag kl 12.00.

Tolvskillingsoperaen

Det er Halldis Moren Vesaas som har gjendikta det kjende teaterstykket av Bertolt Brect til nynorsk. Tolvskillingsoperaen har fått mykje førehandsomtala, og kritikkane har stort sett vore gode. Stykket har fått terningkast 5 i VG, Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke. Teateret Vårt og Riksteateret skal innom femti stader med musikalen. Med dette stykket vil dei by på romantikk, pengar og makt i storbyen si underverd. Tolvskillingoperaen er ei frekk og humoristisk satire over kjærleik og menneskeleg råskap. I denne framsyninga møter du: Kim Fairchild, Lena Kristin Ellingsen, Thorir Sæmundsson, Randolf Walderhaug, Henriette Myhre, Tora Augestad, Svein Solenes, Jørn Morstad, Dorina Iversen, Bo Anders Sundstedt, Håkon Moe og Jan Huse. Catrine Telle står for regien.