Kulturmønstringa på Hareid vart ei mønstring med mykje humor, ikkje minst takka vere dei to programleiarane Severin Brandal og Geir Børre Røyset. Dei batt saman dei mange flotte innslaga på ein underfundig og artig måte. Elles let publikum seg imponere av det høge nivået på mykje av det som vart framført, ikkje minst innan dans og song.

Mønstringa innheldt også ein eigen Elvis-imitator.