Woodleg Odd har hausta gode kritikkar for musikken sin, både i inn- og utland. Eit av hovudprinsippa til bluesgruppa har alltid vore å gje publikum valuta for pengane, og med det ein variert og hyggjeleg kveld. Bluesgruppa har reist mykje på turné. Dei har vore tre gonger i USA, og 7-8 gonger i London og spelt. Og snart skal dei til USA på ny for å spele. Innimellom utanlandsturnéane tek dei på seg lokale spelejobbar. På seks år har dei gjeve ut fire plater, og truleg kjem gruppa med ei ny seinare i år. Så dette er ein aktiv gjeng. Komande fredag er Woodleg Odd altså å sjå og høyre på Hareid Hotell. Der vil dei spele mest eigne låtar, og fyller inn med litt anna blues. Dei som er med i gruppa er Knut Eilefsen på vokal, Arne Moe frå Ørsta er bassist, Frank Utgård på gitar og Odd Ludvig Pilskog Lie på trommer.

Trefoten

Nokon lesarar stussar kanskje på namnet til gruppa og lurer på kva Woodleg Odd tyder. Gruppa har teke namnet sitt etter treleggen til trommisen Odd "Woodleg" Lie. Lie var utsett for ei arbeidsulukke for nokre år sidan og måtte amputere høgrefoten under kneet. Men i dag er det ingen som kan høyre på tromminga hans at det er noko som manglar. Tvert i mot nyttar han treleggen aktivt som rytmeinstrument.