"Her kan vi gjere akkurat kva vi vil" var sluttreplikken i Dimnarevyen 2007, som ein liten sidekommentar til det nye kulturhuset i Ulsteinvik. Og det gjorde dei. "Alt for Dimna" blir nok ein revysuksess for den sprudlande gjengen. Dimnaskulen har blitt vår lokale "Chat Noir". God mimikk og gode tekster står som stikkord for revyen. Slik ein revy skal, har dei henta poenga frå siste tidas hendingar i lokalmiljøet. Øvrigheita fekk sine spark, men ikkje så gale at det skulle såre nokon. Dessutan kan ulsteinvikarane slappe av. Rottene har søkt om asyl i Hareid, og fått det innvilga. No flyttar dei til Hovden og får "hole-in-one". Slapp av. Du vil møte dei i Dimna enno ei stund, i alle fall ut helga.

Det blir andre tider i Ulsteinvik om nokre år, med klimaendring og uteservering. Ole Sande og Per Helge Vik blir servert av Aina Baade.