– Det er først og fremst teikneseriane som blir ståande i fokus denne dagen. Både gjennom teikneserieutstillingar og ved at borna sjølve skal få vere med å lage teikneseriestriper, seier programansvarleg Åshild Widerøe i ei pressemelding. Tunkatten Lurivar, som bur i Aasen-tunet, har óg lyst til å vere med på denne familiedagen. Til katt å vere har tunkatten mange spesielle evner. Han kan mellom anna lese. Det han likar best er barnebøker. No har han lova at han skal lese høgt frå nokre av sine favorittbøker for borna som kjem. Torbjørn Lien er ekspert på striper og snakkebobler. Han er kjend for mange som skaparen av teikneserien Kollektivet, ein serie som nok passar best for ungdom og vaksne, men han kan teikne strekar for born óg. På familiedagen vil borna få høyre starten på ei historie som dei kan spinne vidare på i teikna form. Då vil dei få god hjelp av Lien til både strekar og snakkebobler. Norsk Barneblad er verdas eldste barneblad som framleis kjem ut. Dei står også som utgivar av teikneseriane Smørbukk og Tuss og Troll. Redaktør Nana Rise-Lynum kjem til Aasen-tunet med bladgåve til borna og med ei utstilling som viser store delar av Norsk Barneblads 120-årige historie. Fleire generasjonar har vakse opp med dette bladet, så her ligg det nok mange gode minne for både store og små. – I og med at teikneseriar er ein sentral del av familiedagen, vil vi også setje opp temautstillinga Striper, ruter, bobler som handlar om norske teikneseriar, seier Åshild Widerøe. Med gode tekstar og fine teikningar som utgangspunkt for engasjerande aktivitetar, ligg alt godt til rette for ein fin familiedag i Aasen-tunet! Det blir også høve til å kjøpe barnevenleg mat i kafeen.