Dei "I kveld med Ylvis"-aktuelle komikarbrørne Vegard og Bård Ylvisåker frå Bergen har hatt stor suksess over heile landet med si framsyning av Ylvis 4. Det vil dei nok ha i Ulstein også. For kommunen har vore nøydd til å etterspørje managementet om ei ekstraframsyning til onsdag 6. februar 2013.

Trur den vert utseld

Og no tydar alt på at folket i regionen greier å fylle Sjøborg to gongar på ein kveld. For allereie no er over halve kultursalen seld på kort tid.

Vikebladet Vestposten fekk ein kommentar frå kultursjef Leif Ringstad under Vamp-konserten førre veke, kor han har stor tru på billettsalet til ekstraframsyninga.

- Billettsalet gjekk unna for den første framsyninga. Vi trur ikkje det vert noko problem å fylle Sjøborg på den andre heller, fortel Ringstad optimistisk.

Så her må folket vere raske om dei vil nytte høvet til å trimme lattermusklane på nyåret.