Haddal er ein stolt krins med rikhalding program på 17. mai.

Det starta med barnetog frå Solsida der både korps, Blåtinden barnehage og Haddal skule gjekk. Deretter var det barnetime inne på Grendehuset som Tone Haddal leia. Ho spurte borna om dei veit kvifor me feirer 17. mai og gratulerer kvarandre med dagen. Jau, det visste borna. Noreg har bursdag. Men kven er Noreg då? Eg, ropte eit barn. Landet vårt, ropte andre. Ja, Noreg er landet me bur i, difor er dette bursdagen til alle som bur her. Og kvifor skal me seie hurra? Jau, for at me er så heldige å bu i eit land der det ikkje er krig og alle er vener, nesten i alle fall.

Borna frå Blåtinden barnehage song "Tenk at no er dagen her", "Per Spelmann" og "Dyrene i Afrika".

Deretter var det skodespel om den vesle raude høna som måtte gjere alt sjølv. Det var ikkje noko hjelp å få fram venene, så då åt ho like godt brødet ho laga sjølv.

Tredjeklassingane Oskar og Susannah spelte flott på althorn for forsamlinga. Så var det Jakop og Johannes sin tur å briljere på trekkspel.

Så måtte frivillige frå salen opp og vere mor, far, velse Billy og dei tre bjørnene i ei historie som Tone las opp, før festen vart avslutta med "Ja vi elsker" som allsong.

I Haddal var det også middag, folketog og folkefest.