No kan du få eit gjensyn med dinosaurane i filmne Jurassic Park, meir fryktinngytande enn nokon gong. Universal Studios lanserer nemleg Steven Spielberg sitt banebrytande meisterverk på kino i full 3D.
FIlmen vann tre Oscar-statuettar då den kom i 1993 og var banebrytande i bruken av dataanimasjon.
I filmen møter vi ein ein rik forretningsmann som i all løynd har skapt ein fornøyelsespark på ei aude øy. Parken har ein heilt spesiell attraksjon - levande dinosaurar skapt av forhistorisk DNA. Før rikingen opnar parken for publikum, inviterer han to dinosaurekspertar, ein anerkjent matematikar, og dei to barnebarna sine til øya. Gjestene skal få oppleve parken sine eventyr og hjelpe han med å roe ned engstelege investorer. Men besøket deira på øya vert alt anna enn fredfylt når dei forhistoriske rovdyra bryt seg ut.
Hovudrollene vert spelt av mellom andre Sam Neill, Laura Dern, Jeff Goldblum, Samuel L. Jackson og Richard Attenborough. Filmen er basert på ein roman av Michael Crichton og er produsert av Kathleen Kennedy og Gerald R. Molen.
- Det vert berre ei framsyning av denne filmen på Sjøborg kino, nemleg onsdag 28. august, så her gjeld det å vere om seg, oppmodar kinosjef Kristine Brungot.