Herøyspelet "Kongens" Ring" er av mange karakterisert som eit av dei flottaste av alle musikkspela i Noreg. Spelet er skreve av Rolf Losnegård og byggjer på soga om Olav den heilage. Handlinga er frå 1027, men med tema som kjærleik, hat, hemn og sjalusi er stykket aktuelt også i dag. Regissør Gerald Pettersen si liste over årets hovudroller inneheld som vanleg mange kjende og dyktige namn, blant anna Agnes Kittelsen, som det siste året har hatt stor suksess som "Tikken" i filmen Max Manus, kjem tilbake til Herøyspelet i rolla som "Unn den Fagre". Nytt av året er at også skodespelar Fredrik Steen frå Ulsteinvik, vert å sjå på scena kledd i rolla som "Kong Olav Haraldsson". I tillegg finn blir namn som Jon Bleiklie Devik, Frode Bjorøy, Roar Kjølv Jenssen, Hedvig Garshol, Nina Elisabeth Bøe og Bjørn Wilberg Andersen på rollelista. 03.-05. juli vert årets spelehelg, og den er fordelt på fire framsyningar og ei økumenisk gudsteneste. Med 350 menneske engasjerte i oppsetjinga, lovar dagleg leiar i Herøyspelet Robert Arent Voldnes ei heilt eineståande kulturmønstring på Herøy Gard fyrste helga i juli.

Agnes Kittelsen og Jon Bleiklie Devik som "Unn den fagre" og "Møre Karl" under fjorårets framsyning. Foto: www.variations.no
Robert A.Voldnes, dagleg leiar for stiftinga Herøyspelet. Foto: Vestlandsnytt