- No har vi overtydd han om at eit nytt besøk i Ørsta er på sin plass, og han kjem med eit oppgradert "Huleshow" laurdag 6. juni, seier Bjørn Holum i ei pressemelding frå arrangøren i Ørsta. Og vidare - Lurer du på kvifor menn er så dårlege til å snakke om kjensler - medan kvinner er svært gode til slikt, ja faktisk liker å gjere det? Har du ofte undra deg over kvifor kvinner gjer dei fleste unødvendige saker kompliserte? Synest du som mann det er vanskeleg å forstå den verda vi lever i? Synest du som kvinne at det er umuleg å forstå menn - sjølv om dei er så enkle i hovudet? Undrast du over at kvinner kan gå og handle i timesvis og synes det er morsomt, medan menn er utslitt etter fem minutt? Det er muleg du får svar på nokre av desse spørsmåla denne kvelden - lever Hulemannen framleis? Ein kjend kvinneleg skodespelar har ein gong sagt at ho har som utgangspunkt at ein kvar mann, uansett stilling og alder, alltid er ein gut på 5 år inne i hovudet sitt. Det kan vere ein måte å forstå verda på. Sven Nordin har heller som utgangspunkt at menn aldri har klart å forlate Hulemannen i seg. Kvar dag, heime, i teatret, bak rattet, i butikken, i byen og i skogen, saman med kona, saman med borna og saman med bikkja. Alt dette har han tenkt å fortelje om, med utgangspunkt i sitt eige privatliv. Ikkje på ein pinleg, privat måte, men på ein slik måte at vi alle kjenner oss igjen. Slik at kvinner kan le av menn og menn kan le av menn. Og menn kan le av kvinner, om de tør. Sven skal rett og slett forklare vår, altså menn sin mystiske oppførsel med utgangspunkt i Hulemannen Nordin. Og sjølvsagt også med noko av det same for kvinner, sjølv om koblinga der ikkje er like mykje oppe i dagen.
Kultur →
"Hulemannen" er tilbake
Det er sikkert mange som hugsar sist Sven Nordin besøkte Ørsta med Hulemannen. Den gongen fylte han Ørsta kulturhus tre gonger!