Førstkomande måndag (31. mars) slepp det nyoppstarta bandet Vonheim førstesingelen sin.

Dette er ikkje eit lokalt band, men unnfanga prosjektet sitt for to år sidan på Flø. Her møttes dei fem medlemane i bandet vinteren 2012 for å starta innspelinga av debutalbumet som kjem hausten 2014.

I leitinga etter stad å jobbe fall valet på samlingshuset Vonheim, rett over vegen for ferien sin tilhaldstad. Bandnamnet måtte bli Vonheim.

No førstkomande måndag kjem altså førstesingelen på plateselskapet Fashion Moves Music.

Låta heiter Breaking Out og kan høyrast her:

https://soundcloud.com/fashion-moves-music-promo/vonheim-breaking-out

Dei som er med i gruppa er: Erlend Vesteraas (vokal), Mats Wennerberg (gitar), Ståle Gilberg (gitar), Trond Rasmussen (trommar) og Kjetil Gilberg (bass.).

Musikarane har linkar til mellom anna til St.Morritz, Narum, Maria Solheim, Magne Furuholmen og Leif & The Future,

Sånn ser plata deira ut. Ser ut til at fotografiet også er frå Flø.