- Bell er ein kjekk stad og vere. Det er vi ungdommane som er med å bestemme kva som skal skje. På fredag er det «bli kjent»-dag og kanskje er det stemning for limbokonkurranse, seier Katrine Mæhlum Pilskog.
Ho er fotosjef ved Bell og vil saman med filmsjef Simon Gjerde Tonev starte opp ein foto- og filmklubb gjennom ungdomsklubben: - Vi kjem med meir informasjon om dette, seier Katrine.
Vere med i crewet?
- Vi gler oss til å treffe både gamle og nye fjes, seier kjøkkensjef, Andreas Dalehamn.
Han er med i crewet på andre året og oppmodar fleire om og vere med. Ungdommane i crewet har ulike oppgåver.
- Den viktigaste oppgåva for crewmedlemmane er å ta godt vare på dei andre ungdommane. Ta kontakt med meg for meir informasjon om arbeidsoppgåver, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin.
Treng fleire vaksne
Marie er leiar på ungdomsklubben, og i tillegg til god hjelp frå ungdomscrewet og eit godt samarbeid med Natteramnane skal ho ha med seg ein vaksen person fredagane.
- Det er framleis behov for vaksne hjelparar. Om det er nokon som vil vere med og gjere ein forskjell ved å jobbe på ungdomsklubben av og til så ta kontakt, oppmodar ungdomsarbeidaren.
Og til ungdommane: - Kom med forslag på kva aktivitetar og arrangement du ønskjer på Bell.