– Det kjem til å bli mest fokus på musikk og underhaldning. Vi ønskjer å bringe tilbake det som vi veit har vore eit populært tilbod, seier Johannes Røren.

Johannes skal drive puben saman med sambuaren Jardtrud Hareide, Marlen Bøhmer og Hege Baade.

– Vi ønskjer å ha eit breitt tilbod som treff mange aldersgrupper. Vi fokuserer no først på romjula, og satsar på eit godt program, som vi trur kan gi oss ein god start, seier Johannes.

Tettpakka romjulsprogram

Andre juledag blir det offisiell nyopning og DJ med listepopmusikk i sentrum, tredje juledag kjem trubadur Gil Edwards til puben for å underhalde, 28. desember skal Johannes og dei andre medlemmane i Wild Cats spele, medan det blir ein DJ som skal snurre 80- og 90-talsmusikk på platespelaren dagen etterpå.

- Planen er å prøve å få på plass ulike typar arrangement jamleg. Vi kjem til å ha stengt i januar for å vidareføre oppussinga vi har byrja på, men frå og med februar er vi i gong igjen, seier Johannes Røren og legg til:

- Vi har også hatt svært god hjelp frå Hege og Marlen, og begge vil som nemnt vere med på drifta vidare. Vi er eit godt team, seier Johannes.

Fleire endringar

Sans Pub gjenoppstår altså under nye drivarar, på same plassen den har vore før, i kjellaren på Melshorn Hotell med inngang ned mot Strandgata i Hareid sentrum. Per no blir aldersgrensa frå 20 år og oppover.

Sjølve baren har Johannes og dei andre fått flytta frå eine delen av lokalet til ei meir passande plassering, slik ein unngår stor kø i baren og til toaletta samstundes.

- Ein skal ikkje gløyme at det også finnast andre utestader på Hareid, men vi håper vi kan skape noko eige her, seier Røren.

Gjengen som no er nye drivarar stifta det nye selskapet så seint som 6. desember, og det har gått raskt i svingane.

- Men vi har jobba godt, og er klare til å ta i mot folk no i romjula. Vi storgler oss, og håpar mange tek turen. Tilbakemeldingane kring nyopninga har vore veldig gode, og vi fekk også gode skotsmål då vi hadde ein prøvekveld for spesielt inviterte no for nokre dagar sidan. Dette blir bra, seier Johannes Røren til slutt.

Johannes Røren og dei andre nye drivarane gler seg til nyopninga av Sans Pub i romjula. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.