Utandørs har over 300 barnehageborn i Ørsta og Voldalaga ei fargerik kunstutstilling inspirert av boka «Månen som ville lyse som eisol» av Elin Grimstad.

Søndag møter vi sola og månen gjennom musikk og høgtlesing.Musikar Kari Aske Osnes frå Ulsteinvik har komponert små musikkstykke til boka,som Karine Munch vil lese frå. Vi tenner adventslys og syng julesongar saman.Nokre jenter frå Stryn og kulturskulen i Ulsteinvik speler fiolin og leierallsongen.

Juleverkstad

Rundti tunet vil det vere ulike verkstader etter førjulsstunda. Illustratør LineKatrin Moe frå Ørsta deltek på ein solverkstad med borna.  På dei andre verkstadane får borna lagestjerner og månar med ulike materiale. – Dette blir både flotte julegåver ogdekorativ julepynt, seier Munch.

Utandørs barnekunstutstilling

Boka "Månensom ville lyse som ei sol" har vore hausttema imange barnehagar i Ørsta og Volda. Ho har inspirert borna til å lage eiutandørs utstilling i Aasen-tunet som opna torsdag førre veke. Forfattarenvar sjølv til stades under opninga og var både rørt og imponert over fantasientil borna. Over 300 barnehageborn har bidrege til utstillinga som vil prydetunet heilt fram til jul.

Julegåver og førjulsgraut

Signerte og nummerertebilete frå boka til Elin Grimstad vil vere stilt ut og til sals i kafeen. I kafeen kan ein også kjøpe førjulsgraut fråkl. 12.00, og butikken har gode tilbod på julegåver både til store og små.