Måndag 3. desember opna billettsalet til julenattineen i Ulstein kyrkje og nyttårskonserten på Sjøborg kulturhus.

Dei som framleis ikkje har fått tak i billettar til julenattineen kan slutte å leite. Alle billettar er utseld.

Mange ledige til nyttårskonsertane

Men nyttårskonsertane på Sjøborg har fleire ledige billettar. Den eine nyttårskonserten med ledige billettar innheld Sunnivakoret med dirigent Per Oddvar Hildre og Ytre Suløen med solist Tricia Bouttee.

Også den tradisjonsrike nyttårskonserten med HDU og Musikklaget Ulf har også nokre ledige billettar. Dei har med seg dirigent Marianne Kristin Slyngstadli og solistane Maija Skille og Marius Roth Christensen.

Desse billettane er å finne blant anna på Sjøborg sine heimesider.