Samlinga startar onsdag 4. april og avsluttar med middag påskeaftan. - Japan-misjonær Tor Ueland og forkynnar Magne Arild Torgersen blir med som talarar og ulike songkrefter vil ta del – m.a. Ørsta Musikklag, Oddny Kvalsvik og Ragnhild og Odd Gjerde og Rolf Moen. For dei som ikkje har høve til å vere med på heile tilstellinga, vert det sjølvsagt høve til å komme innom på enkeltmøte og å kjøpe enkeltmåltid. - Krinskontoret i Ålesund (tlf 70174400) gjev også opplysningar om prisar o.a. og tek mot påmeldingar. Unn deg ei god påske på Rjånes ungdomssenter, heiter det i ei pressemelding Misjonssambandet.