Årets UKM vert halde på Sjøborg kulturhus den 28. januar, og vert ei fellesmønstring for både Ulstein og Hareid. Dette vart stadfesta etter at Oddbjørn Grimstad som er kultursjef i Hareid la inn førespurnad hos arrangørane for UKM i Ulstein. Det kan ungdomsarbeidar Marie Flatin opplyse oss om. Ho seier også at kulturkonsulent i Ulstein, Annika Brandal har fortalt at det var vanleg med fellesmønstringar mellom Hareid og Ulstein seint på nittitalet.

19 påmelde deltakarar hittil

Hittil i år er det melde inn 25 deltakarar fordelt på 13 innslag, går det fram av nettsidene til UKM Hareid og Ulstein. Dette tel kunst, konferansier og liknande saman med sceneinnslaga. Overraskande nok er berre eit av desse frå Hareid. Ein treng mellombels ikkje å verte redde for Hareid sitt UKM-ry heilt enno. Det er jo nokså kjent at påmeldingane ofte ramlar inn når fristen er i ferd med å gå ut. Han går ut den 23. januar.

Reglementet må følgjast

Aldersgrensa for lokalmønstringa er frå 10–21 år, og for fylkesmønstringa 13–20 år. For grupper med personar i forskjelig alder, heiter det at 50% av gruppa må vere innanfor aldersramma. I Fylkesmønstringa vil kvar kommune ha maks 15 minutt totalt på scena, og den vert halde i Larsgårdshallen i Ålesund den 20–22 april.

Dei individuelle sceneinnslaga må vere på maks fem minutt for å verte sende vidare. Det er også stilt krav til kor mange som kan vere med til fylkesmønstringa. Kvar kommune kan sende inntil 20 personar inkludert reiseleiarar.

Kunst, musikk, dans og konferansier

Av dei 13 innslaga som er påmelde pr. dags dato, er sju av dei sceneinnslag, fire av dei kunstutstillingar, og dei to siste konferansierar. Kunsten vert som tidlegare stilt ut på eit konferanserom ved sida av salen, eller mot resepsjonen på Sjøborg.

– Det er viktig å hugse på at dersom du kjem vidare med kunst, kan du berre stille med eit verk på fylkesmønstringa, seier Flatin. Totalt kan kvar av kommunane sende vidare maks tre sceneinnslag, ein film og to kunstnarar med eit kunstverk kvar. I tillegg er det mogleg for konferansierar og nettredaksjon å komme vidare. Flatin opplyser vidare om at det også er nokre aktuelle deltakarar frå Ulstein som har byrja påmelding, men som ikkje har avklart om dei deltek heilt enno.

– Vi vonar sjølvsagt at desse og mange andre grip sjansen til å vere med på årets UKM, fortel ho.

Ein sjanse til å vise eit tverrsnitt av ungdommen sine kulturinteresser

UKM er ein sjanse for ungdommen til å vise fram mangfaldet, kvaliteten og breidda av deira kulturaktivitetar i kommunane.

– For to år sidan, som var sist vi hadde fellesmønstring for Ulstein og Hareid, hadde vi om lag 27 sceneinnslag. Vi håpar på minst like mange i år, opplyser ungdomsarbeidaren. Ho satsar på fullsett sal på Sjøborg, og fortel at dei på arrangørsida av arrangementet har fått på plass ein jury frå båe kommunane. Jurypanelet består av folk med ulike bakgrunnar og aldrar, noko som skal medverke til rettferdig og positiv dømming og respons til alle deltakarane.

Deltek for femte året på rad

Emma Warholm Myrene fyller fjorten år i år og kjem frå Eiksund. I år deltek ho på UKM for femte gong på rad, og har meldt seg på med to individuelle innslag.

– Eg har eitt innslag der eg skal synge “Bubbly” av Colbie Caillat, fordi eg tykkjer stemma mi passar til den låten og er kjekk å synge. Og så har eg eitt innslag der eg skal danse moderne ballett saman med veninna mi, Karoline Møller. Vi skal danse til “How to save a life” av Snow Patrol, for den tykkjer vi er så fin, fortel trettenåringen i ein glad tone gjennom telefonrøyret. Ho fortel vidare at ho tykkjer det er kjekt å delta på UKM, for då får ho vise fram det ho likar å halde på med.

UKM er ikkje skummelt

– Det er ikkje skremmande å delta på UKM, insisterer Emma. Ho vil at andre som føler at dei har noko å vise fram ikkje skal vere redde for å delta. Dommarane er snille, og ho har fått berre god respons, meiner ho.

– UKM er eit stort og viktig kulturarrangement der ungdommar får høve til å vise seg fram, anten dei deltek for å ha det gøy, eller fordi dei har eit mål om å satse på den kulturforma dei deltek i, opplyser ungdomsarbeidar Flatin.

UKM har vore eit springbrett for mange norske artistar, – Idolvinnar Jenny Langlo, som i 2009 kom heilt til landsmønstringa i UKM for å nemne ein – og kanskje kan dette også gjelde denne unge Eiksund-jenta. Ho går for tida på kulturskulen i Ulstein, og lærer både song og dans der, noko ho påstår ho vil jobbe vidare med. Ho gler seg til å delta på UKM i år, og har svært gode forventingar til arrangementet.

Variert repertoar

Det går fram av nettsida til lokalmønstringa at alle musikkinnslaga som hittil er påmelde, bortsett frå Ulsteinbandet Epic Noise som speler alternativ rock, er av sjangeren pop. Då er det viktig å hugse på at pop er eit breitt omgrep. Du kan nok vente deg ein variasjon av ulike og spanande innslag frå ungdommane. Vi kan nemne til dømes musikkgruppa Serious Jokers og A. B. Creations med utstilling av kunst.

Arrangørane vonar fleire påmelde

– Vi håpar på mange deltakarar frå begge kommunane, og at dei får vist seg fram for ein fullsett sal på Sjøborg Kulturhus, seier Marie Flatin. Det må også poengterast at 20-personsregelen gjeld per kommune, altså kan fellesmønstringa for Hareid og Ulstein sende totalt 40 deltakarar inkludert reiseleiarar vidare til fylkesmønstringa. 20 frå kvar av kommunane. Sjansane for å kome vidare minkar altså ikkje ved å ha ei felles mønstring.

Har med seg ungdomsråda i begge kommunane

UKM blir arrangert i samarbeid mellom kulturkontoret i Ulstein og ungdomsråda i Hareid og Ulstein. Dei har fått mykje god respons frå ungdommen når det gjeld dette året sitt vedtak om fellesmønstring, og ønskjer velkomen på sjøborg den 28. Då brakar det laust med mykje interessant frå unge og lokale talent.

Emma Warholm Myrene skal delta på UKM for femte år på rad. Kanskje ventar det seg større ting for henne i framtida? Foto: Mone Celin K. Skrede