– Vi er svært glade for å få denne populære framsyninga hit til Sunnmøre, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet. Arrangøren måtte utanfor tunet for å finne ein sal som rommar det forventa publikumstalet. Eikemo fortel sjølv at han har fått svært mange gode tilbakemeldingar på denne framsyninga som har gått for fulle hus på Det norske teatret i Oslo i haust. Sivle levde i ei brytingstid og var sterkt prega av dei store politiske tema i tida, så som parlamentarisme, demokratisering og nasjonalt sjølvstende. Han var ikkje redd for å stikke hovudet fram og kom ikkje frå striden utan rifter i pelsen. Livet hans slutta tragisk, men han etterlet seg nokre av dei flottaste songane i den norske songskatten, som "Den fyrste song", "Vesle lerka", ei rad patriotiske dikt og skjemtesoger, særleg Vossa-stubbar som er blant det beste i humoristisk forteljekunst. Den Sivle-teksten som kanskje flest kjenner og som har gjort sterkast inntrykk heilt frå Nordal Rolfsens lesebok og tvers gjennom alle Egners lesebøker, er forteljinga om hunden Hall i den gripande soga Berre ein hund. I framsyninga Ikkje lenger enn min kjærleik rekk gir Jon Eikemo oss smakebitar frå Sivles dikting og scener frå eit omflakkande liv. Eikemo har musikalsk hjelp frå pianisten Olga Konkova og frå musikar og komponist Kjetil Bjørnstad som har komponert musikk til utvalde tekstar av Per Sivle.
Kultur →
Jon Eikemo om Per Sivle på Ørsta kulturhus
For nokre år sidan la Jon Eikemo Noreg for sine føter med diktarportrettet av Jakob Sande. No presenterer han ein annan sentral skald frå skulesongboka, diktaren, sogeforteljaren og journalisten Per Sivle (1857-1904). Onsdag 10. februar kjem Jon Eikemo til Ørsta kulturhus med framsyninga Ikkje lenger enn min kjærleik rekk.