Lisa Børud (11) er ein driven artist, trass sin unge alder har ho allereie gitt ut fem CD-ar og ein DVD. Ho er tredje generasjon Børud som har skapt seg ei karriere som songar. Låtane ho framfører er skrivne av bestefar Arnold Børud, og popmelodiane er produsert av pappa Thomas Børud.

Kristent bodskap

Dei fleste songane jenta framfører er prega av det kristne bodskap, akkompagnert med fengjande popmelodiar. Dette har tydelegvis vore ein god kombinasjon, for den unge songaren har allereie selt over 75.000 plater. I tillegg har ho delteke i fjernsynsprogram som "God morgen Norge" og "Absolutt Norsk". Ho har tidlegare stått på scena saman med etablerte artistar som D`Sound, Anita Skorgan og Odd Børretsen.

Fleire kor

Unge Lisa har dei seinare åra turnert landet rundt, for fulle hus. I Hareid får ho hjelp av Hjørungavåg barnekor, Hareid mini- og barnekantori og koret "Fifaliana", det vil totalt vere omlag 80 lokale ungar som skal stå på scena saman med henne. Målgruppa for konserten er barn og unge frå 4 -12 år. Billettsalet går strykande, det er omtrent utselt allereie, kan Stein Karstensen fortelje. Han håpar på at dei skal få selt 700 billettar til framsyninga. Det er nemleg det største talet på personar dei får sleppe inn i hallen på grunn av brannføreskriftene.