Siste sundag kvar månad opnar Fruene ved havet sin vandringskafe på Flø. Kafeen, som etter kvart har blitt ein attraksjon i seg sjølv, serverte sundag gode kaker, heimebakst og verdas beste fiskesuppe – om vi skal tru dei lure smila til Oddbjørg Vartdal og Gerd Fjellanger.

Fast meny

– Det har meir eller mindre blitt ein vandringskafe. Folk kjem anten gåande eller køyrande til Flø. Andre kjem vandrande ned frå Roppehornet. Då kan dei ta turen innom oss for å få kjøpt seg ein god middag med kake til dessert. I tillegg kan dei kjøpe med seg god gjærbakst som Gerd har laga, smiler fruene ved havet.

Menyen endrar seg aldri. Suppe, kake og heimebakst er fast inventar i serveringsmenyen deira.

– Eg trur vi har arrangert kafe her på Flø i tre år på rad. Tidlegare heldt vi til på Flø feriesenter. Men menyen endrar seg aldri. Fiskesuppe til middag og kaker til dessert, avsluttar Oddbjørg og Gerd.

Motkultur

Før den offisielle opningstida har Gerd A. Vik Flø og Ingebjørg Eidheim Ulstein funne seg eit langbord. Dei er travelt opptekne med å diskutere historie då fotografen kjem for å ta bilete av dei.

Dei har funne kafeen sitt store samtaleemne. Nemleg bordbrikettane.

– Bordbrikettane med historiske bilete frå Flø er berre heilt fantastiske. Dei skapar gode diskusjonar om gamledagar. Det er utruleg kjekt, flirer Gerd og Ingebjørg.

Dei to glade fruene er ofte innom kafeen når den har ope. Gjerne kombinert med ein frisk spasertur til Flø.

– Her får vi alltid god mat. Kafeen er eit morosamt og frodig tiltak. Dei er med på å skape ein motkultur mot alt anna. Dei skapar positiv aktivitet på Flø. I tillegg har vi Hugo Opdal som har galleri og butikk like ved. Dei har heilt klart gjort Flø om til ei merkevare, skryt Gerd og Ingebjørg.

Fast inventar

Utanfor står Wenche og Elin-Grethe Haddal, som er vandringskafeen sin trufaste følgjeven. Dei deltek ikkje kvar sundag kafeen har ope, men stiller ut sitt flotte handarbeid når dei vil, eller får sjansen.

– Det er alltid like kjekt å kome til Flø. Sist gang vi deltok var under julemessa, fortel søstrene frå Haddal.

Med seg sist sundag hadde dei kjolar, puter, dokker og mykje anna som dei hadde sydd og laga sjølv. Det samla seg mykje folk rundt teltet som var nysgjerrige å ville sjå.

Også kafeen fylte seg fort opp – berre nokre minutt etter opningstid.