Grid Måseide skal undervise når Ulstein komtansesenter set i gang norskkurs med tanke på å gjennomføre den såkalla Bergenstesten.

I august 2012 vil Ulstein Kompetansesenter starte eit intensivkurs for vidarekomne som har bestått Norskprøve 3. Dette kveldskurset skal ha ei samling i veka, og siktar seg inn mot eksamen i Norsk på høgare nivå på nynorsk i januar/februar 2013.

Testen er utvikla av Norsk språktest i Bergen, derav namnet “Bergenstesten”. Testen er eit krav for innvandrarar som vil studere på høgskule eller universitet i Noreg eller treng dokumentasjon på norskkunnskapar på høgt nivå i samband med arbeid. Testen var tidlegare berre på bokmål, men for eit par år sidan kom han på nynorsk.

– Sidan nynorsk er målforma vi underviser på i Ulstein og dei andre kommunane på Søre Sunnmøre, er det svært gledeleg for oss å endeleg kunne tilby undervisning opp til dette høgste eksamensnivået, seier inspektør ved kompetansesenteret, Mali Åm.

Så vidt Åm kjenner til vert dette det første kurset i sitt slag i Noreg.

– Dei fleste byar har med ujamne mellomrom slike kurs på bokmål. Sist gong dei hadde tilsvarande kurs i Ålesund var i 2008. Etter å ha gjennomført fleire kurs på nynorsk opp til Norskprøve 3, håpar og trur vi i Ulsteinvik at det er nok elevgrunnlag på Søre Sunnmøre til å kunne gjennomføre dette kurset, seier ho.

Mali Åm fortel at dei har ein tett dialog med Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal, begge med lang erfaring frå NUS (norsk og samfunnsfag for utanlandske studentar) ved høgskulen i Volda.

– Dei har lova å rettleie oss i forhold til kva som bør vektleggast på eit slikt kurs, forklarer Åm.

Grid Måseide, norsklærar og teamleiar ved Ulstein kompetansesenter, vil stå for undervisninga. Ho har mange års erfaring som lærar i norsk med samfunnskunnskap for innvandrarar, og har hatt mange kurs på nivå B1/til Norskprøve 3.

Ønskjer du å ta Bergenstesten, men manglar Norskprøve 3? Då kan du melde deg på kompetansesenteret sitt kveldskurs på nivå B1 som startar 31. januar. For påmelding og informasjon, kontakt Mali Åm, inspektør ved Ulstein kompetansesenter.