Club Sjøborg-konseptet er eit samarbeid med Quality Ulstein Hotel og inkluderer “flatt golv” og servering i salen. Dette konseptet fungerte svært godt då Terje Gewelt var på Sjøborg-gjesting førre helg.

Olav Stedje slo gjennom med "Vi vandrar saman" i 1981. Sidan har han vore ein av våre kjæraste visesmedar. No er han klar for Ulsteinvik ilag med det ålesundsbaserte bandet Remember When og vokalgruppa Frisk Bris. Dei dyrkar singer-/songwriter-uttrykket både på engelsk og norsk.

Den akustiske kvartetten Remember When er spesielt kjende for fleirstemt song og presenterer tidlause klassikarar av slike som Crosby/Stills/Nash, Neil Young,  James Taylor og Ry Cooder. Remember When har spelt på mange festivalar og klubbar . Seinare i år blir dei å sjå og høyre på bl. a.  Ålesund Båtfestival og Tahitifestivalen i Kristiansund.

Vokalgruppa Frisk Bris er kjende for sine vakre tolkingar av både poplåtar og klassikarar - og har fått kjempekritikkar på kon-sretane sine. Dei syng sine eigen nummer i tillegg til å delta på resten av konserten.

Det heile skal kuliminere i ein pur hitparade frå  Olav Stedje, akkompagnert av Remember When og Frisk Bris.

Tre-spannet lovar også gode historier. Musikalsk høgdepunkt: “Ulla fra Ulsteinvik”, tipsar dei.

Med i Remember When er:

Miki Campins, perkusjon og song.

Alf Terje Farstad, bass, gitar og song.

Stefan Olsen, gitar, mandolin, banjo, lapsteel og song.

Bjørn Ivar Helgesen, gitar, munnspel ogsong.