I år er det 100 år sidan prydmålar Johan Haddal måla dekoren i Ulstein kyrkje, saman med medhjelparane Magnus og Ole Flø.

I samband med dette jubileet vert det arbeidd med å få til ei utstilling med arbeid av Johan Haddal. Det har vore henta inn måleri og skisser i både privat og offentleg eige, og mellom desse er to måleri som har det samme motivet: Eit kystlandskap der vi ser attskinet frå sola som er i ferd med å gå ned i vest. Det er også kjent at det finst andre måleri av Johan Haddal som har det samme motivet.

Spørsmålet er: Kvar har Johan Haddal henta dette motivet frå? Er det rein fantasi, sett saman av element frå sunnmørsnaturen, eller er det nokon som kjenner seg att? Den markante steinen nede i fjøra til høgre kan kanskje vere ein liten peikepinn. Elles kan vi opplyse om at biletet er datert 1944.

Ta kontakt med redaksjonen, gjerne på e-post: redaksjonen@vikebladet.no, om du meiner du har svaret.

Du kan lese meir om jubileumssutstillinga i papirutgåva på laurdag.