Boka er på 300 sider og femner om lagsarbeidet i alle åra sidan oppstarten i 1922, men med ei særleg vekt på dei tjuefem siste åra. Det har vore utgitt jubileumsskrifter både ved 50- og 75-årsjubileet.
Det er ei rikhaldig bok som no blir føya inn i kommunen si lokalhistoriske samling. Boka har over 400 foto. Blant anna har alle dei aktive i jubileumsåret 2022 vore samla og fotograferte gruppevis med tilhøyrande bildetekstar. Det gjeld dei fem gruppene som har vore i sving i jubileumsåret: turn, fotball, handball, friidrett og trim. I tillegg har laget hatt volleyball, judo og badminton på programmet pluss ei eiga skeisegruppe. Vinteridrettane elles har hatt ei lausare tilknyting til laget, men blir også dokumenterte i boka.
Utover det historiske i dei ulike gruppene byr boka på særomtalar av sentrale personar. Her er også fleire kåserande artiklar - og ikkje minst ein svært omfattande statistikkdel. Når det gjeld fotball og friidrett, er det truleg få – om nokon - andre idrettslag i landet som kan stille med så grundige statistikkar som «Idrettsglede i 100 år».
I redaksjonen for boka har site Olav Sindre Rise, Hans Gisle Holstad, Einar Orten Trovåg og Leiv Arne Grimstad – med sistnemnde som redaksjonell leiar.
Til utforminga av framside-collagen har redaksjonen hatt hjelp av Jorulf Myrene, medan Osberget AS har teke seg av lay-out og trykk.
Under boksleppet blir det ei kort orientering om arbeidet med boka i tillegg til ein samtale med ultraløpar Therese Falk, som er omtalt i bok-kapittelet «Profilar som reiste ut», men som eigentleg er ein profil som «reiste heim».
Det blir sjølvsagt også høve til å kjøpe boka.
Helsing frå Hareid IL, redaksjonen for jubileumsboka «Idrettsglede gjennom 100 år»