Det store høgdepunktet i Hareidsstemne-veka er Stemnefesten i Hareidhallen. I fjor vart Stemnefesten gjennomført digitalt, medan 2020 vart eit svart hol for Hareidsstemna, men laurdag kunne folk igjen strøyme til Hareidhallen for å få med seg det store spekteret av kulturlivet i Hareid. Det var etterlengta. For sjølv om den digitale stemnefesten i fjor var eit godt alternativ til ingen Stemnefest, så gjer den seg aller best i levande live.

Audhild Mork var tilbake som programleiar for Stemnefesten. Foto: Andreas Bjerknes

Eller slik programleiar Audhild Mork sa det då ho ønskte velkomen:

– I dag er første Hareidsstemnefesten på tre år der du kan ta på folk.

Det var framtidas Hareidsstemne-deltakarar som fekk starte det heile. Hareid ungdomsskule og Hareid Musikk- og kulturskule har gjort det til ein svært god vane å levere svært flotte musikalframsyningar under Hareidsstemna. Det gjorde dei også i år, og under Stemnefesten fekk publikum ta del i litt av Mamma Mia-kjensla elevane varta opp med under musikalen.

Korsongen stod som vanleg sterkt under Stemnefesten, som den brukar å gjere under Hareidsstemna. Brandalskoret har fått ny optimisme i rekkjene med ny, dansk dirigent og leverte mellom anna Jahn Teigen sin «Optimist» då dei entra scena.

Grimstadkoret varma opp til den første av tre jubileumskonsertar i høve koret si 80-årsfeiring. Koret var allereie 20 år då dei første Hareidsstemna vart arrangert, men held framleis koken og vel så det.

I Grimstadkoret var det Arild Grimstad som svinga dirigentstokken, medan han steig inn i songarane sine rekkjer då Hareid kammerkor gjorde sitt for å vekkje dei nasjonalromantiske kjenslene i publikum. Øyvind Granden Berg leia koret gjennom både «Vestland, Vestland» og «Norge, mitt Norge».

Mannsgruppa «Gollj og Gråstein» var siste koret ut, med ein frisk variant av «Heim til mor», før dei la ut på storhavet med både sukker, te og rom i shantyen «Wellerman».

Arild Grimstad leia også i år allsangen under Stemnefesten. Foto: Andreas Bjerknes

For ikkje å gløyme «Sunnmøres største kor», som Arild Grimstad valte å kalle publikum då han leia dei i allsong frå scenekanten. Og slik det skal vere på Stemnefesten, så song «koret» med for full hals, både på «Den fyrste song» og då ein song for maten før den faste kakepausen i programmet.

Og medan Grimstadkoret kan skilte med heile 80 år sidan oppstarten, har Hareid IL endå 20 år på baken. Idrettslaget feirar 100 år 28. desember og i Hareidhallen fekk turngruppa i idrettslaget vise fram litt av sine ferdigheiter.

Stemmeprakt i fleire variantar

Det er ikkje berre kora som viser at songen står sterkt i Hareid. Unge Pranaya Selva er berre 14 år, men har for lengst blitt varm i trøya på scener rundt om i Hareid. Den unge songfuglen strekte verkeleg på vengjene under Stemnfesten, der ho briljerte på «Don’t you worry bout a thing».

Marcus Bjørlykke har også stemmeprakt som får merksemd langt utover Hareidlandet. Laurdag song han saman med både husbandet «Holy Ghost Band» og Musikklaget Melshorn.

Bjørlykke viste at han også kan synge poprock, men skein aller klårast då han klemte til med «Nessun Dorma» saman med Melshorn. Då forstod nok dei fleste i salen kvifor Hareid-karen fekk 100.000 kroner i stipend frå GC Rieber Fondene i jakta på ei karriere innan opera.

Men det var ikkje berre Hareidsdølar som fekk vise seg fram i Hareidhallen laurdag. Rett nok var det fleire av dei som hadde anten Grimstad som etternamn, eller av andre grunnar tette band til Hareid.

Grimstadgutane var blant dei som fekk publikum til å verkeleg spisse øyra. 20-åringane Andreas og Elias Grimstad er barnebarn av ein ekte «grimsting» og spelte til og med på ei fele bestefaren Erling H. Grimstad har bygd. Det gir noko litt ekstra til historia, men musikken dei to brørne leverte snakkar meir enn tydleg for seg sjølv. Det forstod også Hareidpublikumet å sette pris på, for her var det både musikalitet og teknikk av høg klasse.

Ein som verken song eller spelte var Odd Kåre Wiik. Moromannen frå Gursken viste i staden fram nokre av dansetrinna han lærte seg medan han budde på hybel på Hareid og då han kom seg på dans på Trudvang.

Wiik gjorde elles sitt for å riste laus lattermusklane til publikum, anten det var med historier om trafikkontrollar på Sandsøya eller saudehaud på villspor etter nyttårsorkanen.

Større enn kongen

Årets stemnetalar var også henta utanfrå, men også Maria Parr har sterke band til Hareid, der mora er frå.

Ho slo også fast at det å få halde stemnetale under Hareidsstemna er ei ære ein ikkje skal ta lett på.

Det kunne nemleg ikkje samanliknast at Parr fekk lese for kongeparet då dei vitja Vanylven tidlegare i haust.

– Ei kort stund levde eg i villfaringa om at større ære kom eg aldri til å få. No veit eg betre. Dei siste vekene har mamma, utan å ytre eit einaste ord, late meg forstå at å lese ein liten stubb for kongen, det er for ei kvardagssak å rekne samanlikna med å halde Stemnetale på Hareid, sa Parr. (Meir om stemnetalen kjem i eiga sak.)

Til slutt stod det berre att å seie takk for ein strålande kulturkveld i Hareidhallen. Audhild Mork slo fast at det var litt som på julekvelden, når gåvene var ferdigopna, maten ete opp og Smørbukk bladd i.

– Er det over? Heilt til oss kjem på at dagen etter er det første juledag og oss listar oss ned trappa og inn på stova. Der ligg dei, gåvene. Slik vert denne kvelden også ståande. Nok eit godt minne å ha med seg. Oss seier som salige Ivar Aasen. Soli kjem atter, men same dagen kjem aldri att. Tusen hjarteleg takk alle som har delteke og vore med her i lag med oss, sa programleiaren.