På ein heilt vanleg arbeidsdag står Jan Pål Fugledal opp klokka fem om morgonen. Då gjer han seg klar til å mjølke kyr og gjere unna fjøsstellet, men dette er ikkje hans eige fjøs han gjer seg klar til å stelle i stand.

I kommunane på Ytre-Søre tek han av seg gardsdrifta for dei som treng ei ekstra hand.

– Stort sett så ringer folk for å få hjelp grunna sjukdom eller noko liknande. Dette har eg vel drive med i 20 år no, så eg er så godt inne i det at det går stort sett berre automatikk i det, seier Fugledal om å vere landbruksvikar.

I tillegg så har han blitt godt kjent i distriktet etter å ha jobba på ulike gardar opp gjennom åra.

– Det er dei fire kommunane på Ytre Søre, Herøy Sande, Hareid og Ulsteinvik, som er mitt hovudområde. Så hender det at eg reiser inn til Ørsta og Follestaddalen også, men der er det ikkje så veldig ofte eg er. Så rundt om her så kjenner eg like så godt alle gardane. Det er ingen problem.

Varierte dagar

For nokre kan ein kanskje tenke seg at det er det same opp att og opp att på garden. Slik er det slett ikkje ifølgje Fugledal.

– Ingen av gardane er jo like. Så eg må leggje opp arbeidet etter kva gard eg er på. Så det må eg bestemme meg for før eg kjem til kvar enkelt gard, forklarar han.

Frå tidlegare har Fugledal ei fortid hos Ulstein verft, men det var ikkje den rette jobben for han. Fugledal likar meir at det skjer noko nytt kvar dag.

– Det vart litt for keisamt for min smak. Som landbruksvikar kan det alltids hende at noko går i stykke på garden, så ein må ofte vere alt frå elektrikar eller rørleggjar til kanskje også dyrlege. Det er alltid eitt eller anna som dukkar opp. Så det er variasjon i det heile tida. Det synest eg er bra, legg han vekt på.

Texas

Fugledal opplever at det er mykje arbeid å gjere på hausten og i vinterstida. Spesielt i september i fjor var det ei hektisk periode for landbruksvikaren.

– Då var det 14 kalvingar på sju dagar. Då var det hardkøyr då! Det er mange som har byrja med det no, at dei tørkar kyrne på sommaren og så har dei ute kalvingar på hausten. Då er det litt Texas, forklarar 46-åringen.

Og litt Texas vart det også ein gong for ei stund tilbake då Fugledal fekk ein førespurnad om eit oppdrag i siste liten.

– Vanlegvis så skal slike førespurnader gå via sjefen min. Men eg hugsar at eg skulle feire ein bursdag her i huset, og så fekk eg ein telefon ein halvtime før gjestene om eg fekk eg kunne kome og hjelpe til på ein gard. Det gjekk jo heldigvis bra da, smiler Fugledal.

Oppussing

Sidan Fugledal har tidlege morgonar, får han nok av tid til å gjere andre ting også.

– Å, ja. Det er jo som oftast tid midt på dagen. Når andre dreg på jobb så kjem eg heim, og då har eg heile dagen på meg. Så når andre kjem heim då dreg eg ut på garden igjen. Så då får eg tid til andre ting også, seier han muntert.

Mellom morgon- og kveldsarbeidet rekk Fugledal derfor å putle med ting som han sjølv har lyst til. Anten det er å kople heilt av og gjere akkurat det han har lyst til – eller å gjere det han må, som til dømes å oppgradere bustaden sin.

– No er det eit hus som eg held på å shine opp, og det tek jo mykje tid! Det dukkar jo opp litt forskjellig i dette huset. Elles så har eg ei interesse for hundesport, og driv med mellom anna retrieverjakt og ettersøk, seier Fugledal.

– Og så blir jo det også ein del fjellturar og slike ting. Så, nei, dagane dei går som oftast altfor fort, seier han spøkjefullt.